VELKOMMEN INN TIL TUSSI OG NIKITA`S BLOGG

Tussi og Nikita er to papillonjenter der Tussi har hatt sitt første valpekull. Fem fine velskapte valper vart det og Nikita er nok like glad i disse valpene som det både mora og matmora deres er. Håper alle disse vil få eit godt og langt liv.
Dette er ein blogg mest om hundene men det vil også komme litt forskjellig her etterhvert som valpene vokser til.
Ta ein titt inne her og legg gjerne igjen ein kommentar.Alltid koslig med tilbakemeldinger.

04 juli, 2008

Amalie

Dreiv på ute i hagen her da eg vart vare katta som låg ved garasjen. Er kanskje ikkje så godt å sjå på bildet, men det satt to linerler der på bakken å erta katta. Stod å såg på dei ei stund før enn eg gjekk å henta kameraet. Var ganske så sikker på at disse linerlene greidde ho ikkje å ta, så ho fekk nå ligge der å jakte da. Kor lenge ho låg slik er eg nå ikkje så sikker på men det var ei god stund iallefall.
Til slutt så skjønte ho nok det at dette ikkje gjekk, så ho gjemte seg i gresset.
Her ligger ho da, og linerlene dei kvitrer og tripper rundt her og har det riktig så bra.
Vart nok ikkje nokon fangst på Amalie denne gangen nei.............

1 kommentar:

Anonym sa...

Morsomme bilder. Jo man ser at det er to fugle, så det er gode bilder.


Her er det eit bilde fra Tussi sitt første møte med Nikita, og også han som skulle bli far til våres valper.
Snoopy er også ein snill og god gutt, og det skal bli moro å følge Tussi og Nikita framover til valpene kommer ca. ved sankthanstider.

Hadde venta løpetida på Tussi men det rare var at Nikita fekk også sin løpetid på samme tidspunkt. Tanken kom da om eg skulle prøve å para dei denne gangen eller om eg skulle vente til neste gang.
Tussi har eit så utrolig godt lynne at eg hadde bestemt meg for å ha eit kull på henne.
Tenkte også som så at det vil bli ei fin tid å få valper på.
Så vart det til at begge to vart para på samme dagen, første gangen den 20 april og ny paring den 22 april.
Håper dette går bra,og valpene vil da komme rundt sankthanstider.